Looking Back

Her har jeg rappet litt fra en annen blogg, og forandret litt... Sorry!

2005 frå A til Å

A
rbeidsløysa gjekk ned med 9 prosent i 2005. Om du trur nedgangen skuldast regjeringsskiftet tek du feil. Arbeidsløysa har gått jamt nedover i lang tid. Grunnen til at ingen lenger snakkar om ”rekordstor arbeidsløyse” er at opposisjonen på Stortinget er meir seriøs no enn for berre fire månader sidan. 

Belarus er Europas gløymde diktatur. Eineherskaren heiter Alexander Lukashenko, og han har styrt med jernhand sidan 1994. Lukashenko stiller til val igjen den 19.mars, og med mindre valet blir fritt og rettferdig vil han i 2006 ta fatt på sin tredje periode som president. 

Clear Channel er namnet på eit selskap som ville betale for bysyklar, busskur og offentlege toalett i Bergen i bytte mot reklameplass i byrommet. Avtalen ville gjelde i 15 år og var etter mi mining ein elendig avtale for Bergen. Bystyret takka heldigvis nei til avtalen etter mykje debatt og stort folkeleg engasjement, men kommunen risikerer no søksmål frå reklamegiganten på hundre millionar kroner for avtalebrot.

Djupedal, Øystein. Trøndersosialt som i oktober fekk i  oppgåva av H.M. Kongen å styrke og spreie kunnskapen i samfunnet. Djupedal smilte lurt, sa han var glad for tillita og kasta seg ut i arbeidet med å byggje kunnskapssamfunnet. Resultatet blei nei til obligatorisk andre framandspråk, 25 milliardar mindre til forskingsfondet og lågare krav til generell studiekompetanse. Flott mann!

EU-grunnlova vart avvist av folket i Nederland og Frankrike, og resultatet var at ratifiseringsarbeidet stoppa opp og grunnlova blei lagt på vent. Dette viste at demokratiet fremdeles bestemmer i EU, om enn ikke så mye som man skulle ønske. Uansett godt at man kunne kaste ut den dårlige grunnloven, og arbeide seg frem til en bedre..

Friskular. Rett før jul trekte Kunnskapsminister Djupedal godkjenningane til 40 friskular tilbake, og det gjorde han utan å varsle korkje storting eller skulane på førehand. Dermed er vi på veg tilbake til den gamle privatskulelova som seier ja til religiøse private idrettslinjer og nei til religionsnøytrale private idrettslinjer.

Gratis skulebøker er eit førti år gamalt valkampløfte frå Arbeidarpartiet som blir gløymd kvar gong dei kjem i regjering og kan gjennomføre det. Hvorfor fortsette å love noe man aldri har noen interesse av å holde?

Harald V, eller Kongen som vi likar å kalle han, bestemte i fjor at Prins Sverre Magnus ikkje skal titulerast ”Hans Kongelige Høyhet”. Kongen grunna avgjersla med at dette ville gje Sverre Magnus meir fridom til å velje si eiga framtid, til dømes yrkesval. Så da blir det vel kassa på Rema 1000 for lille Sverre M.

Innvandringsstoppen frå 1.februar 1975 blir ført vidare av den nye regjeringa. Asylinstituttet vil dermed halde fram med å vere den einaste inngangsdøra til Noreg for menneske frå ikkje-vestlege land. Illiberalt og urettferdig. Jeg skal ikke en gang BEGYNNE på Schengen..

Joseph Kony er geriljaleiar. I 19 år har han leia Lords Resistance Army (LRA) sine opprørskampar i Nord-Uganda. Konflikten har teke livet av tusenvis av menneske og jaga over 1,5 millionar på flukt. 50 prosent av desse flyktningane er born under 15 år. FN sin visegeneralsekretær , Jan Egeland, har omtalt situasjonen i Nord-Uganda som ein av verdas største gløymde humanitære katastrofar. Sånn går det når man ikke kommer på TV..

Kyrkjeutvalet er ferdig med utgreiingsarbeidet om statskyrkja. Rapporten blir lagt fram i slutten av januar 2006, og det er venta at fleirtalet vil gå inn for å skilje kyrkja og staten. Det er den same fornuftige konklusjonen som Bakkevig-utvalet la fram i 2002. Kva ventar vi på?

LO gav millionar av kroner i valkampstøtte til Ap, SV og SP og fekk statsrådspost og sentralstyreplassar i retur. I Afrika kallar ein det å kjøpe seg til innverknad for korrupsjon, i Noreg kallar ein det visst for ”uproblematisk samarbeid om felles verdiar”.

Muhammed har skapt politisk strid mellom Danmark og den muslimske verda. I følgje Islam er det forboden å lage bilete av Gud eller Profeten Muhammed, så då Jyllands-Posten den 30. september publiserte 12 karikaturteikningar av Muhammed vakte det sterke reaksjonar. Eit slag for ytringsfridomen, seier avisa. Ein unaudsam provokasjon, meiner eg.

Nye bedrifter poppa opp i 2005 med eit tempo vi aldri før har sett makan til, men det spørs om det blir like mange nyetableringar det neste året. Så langt har eventyrregjeringa sin næringspolitikk gått ut på å subsidiere kraftkrevjande industri, stoppe all konkurranseutsetjing og byggje ein ubrukeleg tørrdokk på Håkonsvern for over 300 millionar kroner.

Overvaking blir det stadig meir av. Sidan den nye regjeringa kom til makta i oktober har det kome løfter om 300 nye fotoboksar langs norske vegar, elektroniske fotlenker på valdsmenn og registrering av alle som gjer noko straffbart i DNA-registeret. Om 18 månader blir teleoperatørane pålagt å lagre telefon- og mobilsamtalane våre, alle tekstmeldingane og internettbruken vår i minimum seks månader. Med mindre vi reserverer oss mot dette EU-direktivet då.

Polske arbeidarar er frykta av LO, men fakta er at vi treng fleire utanlandske hender for å løyse alle arbeidsoppgåvene her i landet. Vi er rett og slett for få, og dei som er her er for gamle. Måtte det kome langt fleire arbeidsinnvandrarar i 2006.

Qatar er rikt på olje, men fattig på menneskerettar. I 2005 satt Amnesty International i gang ein aksjon for kvinna Hamda Fahad Jassem Ali Al-Thani, som blei bortført og fengsla av tryggleikspolitiet fordi ho gifta seg med ”feil” person.   

Regjeringsskiftet har gitt Venstre ein unik sjanse til å gjere partiet støre. Dei neste fire åra vil vi vere heilt fri frå KrF og Høgre, noko som betyr at vi kan konsentrere oss fullt og heilt om våre eigne primære standpunkt. Lukkast vi ikkje dei neste fire åra med å passere sperregrensa for godt vil partiet aldri klare det.

Skattelette blei av regjeringspartia før valet sett på som urettferdig, hjarterå og usosial, men etter valet var den same skatteletta rettferdig, logisk og naudsam. Den største politiske innrømming i norsk historie fekk vi då finansminister Halvorsen la fram statsbudsjettet sitt 10. november. Det kan bli interessant å se hvordan den røde regjeringa forsvarer dette ved neste valg. Eller hva, Valla?

Tusenårsmåla er åtte konkrete utviklingsmål som 191 statsleiarar på FN-toppmøtet i 2000 vart einige om å nå innan 2015. I 2005 hadde vi brukt ein tredjedel av tida, men vi er ikkje i rute med målet om å halvere den ekstreme fattigdomen. Løysinga heiter meir bistand, meir gjeldsslette og meir handel.

Unionen med Sverige tok slutt i 1905 og Noreg vann fridom og sjølvstende. I dag, hundre år seinare, kan vi feire at vi ikke er bundet i noen overnasjonal union som binder opp selvbestemmelsesretten vår...

Verneplikta i Noreg har spelt fullstendig fallitt fordi langt under halvparten av alle norske menn blir kalla inn. Få slutt på tvangsarbeidet – ja til friviljug militærteneste. Jeg skal ikke BEGYNNE å diskutere likestilling her, heller.. Eller hva, Ottar?

WTO hadde sitt sjette ministermøte i Hong Kong 13.-18.september. Målet var å lande utviklingsrunden som ein starte på i Doha i 2001, men alt ein oppnådde var semje om at forhandlingane skal halde fram utover i 2006. Noreg har ingenting å vere stolte over i WTO, vi er framfor alt oppteken av nasjonale særinteresser. Sjølv om dei kjem i konflikt med u-landsinteresser.

X. Det finst garantert noko teknisk som byrjar på denne bokstaven, så då passar det å skryte litt av Stortinget som før sumaren i fjor gav oss lov til halde fram med å kopiere mp3-filar til eige bruk. Lenge leve fornufta. Og musikken...

Yndlingsstatsråden i den nye regjeringa er utan tvil Jonas Gahr Støre.  Ingen over, ingen ved sida av. (Konkurransen var dog ikke hard...)

Zzzoria Moria er Stoltenberg-regjeringa si politiske plattform. Ho inneheld alt og absolutt ingenting. Spør Senterpartiet og SV om regjeringa sitt syn på petroleumsfrie havområdar og du vil få to heilt ulike svar. Men begge vil påstå dei ha Soria Moria i ryggen.

Ære være alle som bryr seg om andre enn seg selv...

Ønskerepriser frå valkampen: TV2-utspørjinga av Kristin Halvorsen og debatten om LO-makt mellom Lars Sponheim og Martin Kolberg på NRK1.

Årets hit blei det så det definitivt ikkje, men Viva Sponheim–rapen som blei lansert 10.august fekk iallfall mykje merksemd. Klassekampen gav rap’en terningkast ”ræva” over to heile sider og Åslaug Haga kalla Unge Venstre for ”patetisk” eller noko sånt. Dog, oppmerksomhet er bra, men neste gang får man finne noen som faktisk kan rappe...


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits